Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Kva merke varmepumpe?

Når ein skal bli varmepumpe eigar, er det nokre val som skal gjerast. Det er eit stort utval av varmepumper i marknaden, det skil lite eller ingenting mellom dei mest kjende merka. Behov, energisparing, kvalitet, kostnad, service frå leverandør og service frå importør er viktig. Same kva merke du vel, så skal du uansett gå for eit varemerke du har høyrt om før.

best i test?

Best i testDei fleste leverandørar har ein test som viser at deira pumpe er best, som understreka ovanfor er det lite eller ingenting som skil mellom dei beste maskinene i marknaden. Energimyndigheten i Sverige testar luft luft varmepumper og gjev ein grei oversikt, link er å finne til høgre.

Kuldegrader og luft luft varmepumper

Ei luft varmepumpe hentar all varmeenergien frå uteluft og kompressor. Etterkvart som utetemperatur går ned dekker varmepumpa mindre og mindre av huset sitt varmebehov. Normalt vil ei fornuftig dimensjonert varmepumpe dekke alt varmebehov i kjerneområde av hus ned til 6-7 minusgrader, varmepumper med større kapasitet vil ofte gje deg dårlegare driftsøkonomi.
Med unntak av i nye og godt isolerte hus, må ein no spe på med tilskotsvarme etterkvart som gradestokken kryp vidare nedover. Ei skikkeleg varmepumpa vil utan vanskar gje god og rimeleg varme vidare nedover til omkring -20 grader. Om elektronikken ikkje sperrar for vidare drift kan varmepumpa enno hente varme frå utelufta. I dei ekstremt lave utetemperaturområda tek drifta til å bli marginal og dekkjer ein mindre del av varmebehovet. Då er det god og tørr ved som skal ta seg av hovudoppvarminga.

Desidert mest selde i Noreg

Panasonic sine varmepumper er selt i eit mykje større antall enn noko anna varmepumpemerke i Noreg. I tillegg har fleire inntil for få år sidan, kjøpt Panasonic i Sverige til ein billeg penge - trur dei. Mange har nok høyrt om kjøp ein palle og få med ein EU-moped. Panasonic har rydda opp for dei fleste som kjøpte DKE-pumper frå Sverige med H16 feil, det er flott gjort når ein veit at det er den enkelte kjøpar/forhandlar i Sverige sitt ansvar og ikkje importøren i Noreg. Svenskepumpene skulle aldri vore i Norden, sjølv om dei er like utanpå manglar det litt innvendig. Ingen eller få veit korleis desse anlegga vart montert - mykje heimesnekkra - ein del varmepumpeproblem skuldast ofte dårleg montering. I løpet av 2010 vert det stillt krav frå myndigheitene i Noreg, ingen får montere eller demontere varmepumper utan godkjenning, alt utslepp av kuldemedie er straffbart.

Viftemotor i innedel

Når det gjeld støy frå viftemotorar i innedel så er det mange produsentar som slit med det. Panasonic starta alt frå oktober 2006 med keramiske lager i viftemotorar på alle CE, HE, NE og TE modellar.
Mitsubishi, Toshiba, IVT med fleire byter no viftemotorar, same kva dei måtte seie. Utfordringa er at dei heller ikkje har hatt keramiske lager i viftemotorane, og då kjem støyen etterkvart.
Målt i antal selde varmepumper frå Panasonic i Noreg så er prosentandel reklamasjonar ikkje høgare enn for dei andre merka.

God service er viktig

Som ei totalvurdering av kvalitet, importør, yting og pris er vi svært nøgde med Panasonic sine modellar, det er våre kundar også. Vi har enno til gode å oppleve alvorlege feil, unntaka er nokre få viftemotorar i innedel. Då seier kunden ifrå og det vert utbetra utan kostnad. Det er god service, i tillegg får vi og kunden ein prat om korleis pumpa har fungert, eit triveleg besøk eigentleg. Dette er vårt val og våre erfaringar i vårt område av landet, alle våre kundar kan stole på gode og robuste varmepumper frå Panasonic.

Om du trur alt du høyrer, så går du til havet etter kaniner og til skogen etter fisk.

" Bulgarsk ordspråk "

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic