Brekke Energi og Kraft
"Energi for framtida"
Brekke Energi og Kraft

Sikkerheit, varmepumper som varer

treng ein varmebelte og varmekabel?

Varmebelte på kompressor sikrar at kompressor alltid held seg varm og kan startast på ein sikker måte når det er kaldt ute.
Varmekabel under radiator i utedel hindrarar igjenfrysing av botnpanne, i tillegg unngår ein frostsprenging og skadar på sjølve radiator.

elektronisk regulert varmebelte

varmebelteOm kompressor vert starta i kald tilstand utan varmebelte ved kuldegrader risikerer ein kompressorhavari. Etter straumutfall og oppstart av varmepumpe sikrar varmebeltet varming av kompressor før oppstart, dette hindrar at kompressor startar å arbeide med kuldemedie i væskefase, kuldemedie i væskefase kan lett skade kompressor. Kompressor kan ikkje komprimere væske, ein kompressor skal komprimere gass!

elektronisk regulert varmekabel

varmekabelNår det vert kuldegrader ute og varmepumpe fjernar is/rim på radiator er det viktig at nedre del av radiator og dreneringshol i botnpanne ikkje frys igjen. Varmekabel hindrar igjenfrysing på nedre del av radiator og dreneringshol i botnpanne. Sjølv ved 20 minusgrader vil varmekabel sikre god funksjon på varmepumpa. Når varmekabel er elektronisk styrt betyr det at kabel ikkje er tilkobla utan at det er behov, dvs. under avisingsprosess og ein del minutt etter at avisingsprosess er avslutta.

SAMANDRAG & OPPSUMMERING

Robustgjering med varmebelte og varmekabel sikrar at varmepumpa opprettheld god funksjon sjølv ved 20 minusgrader. Når varmebelte og varmekabel i tillegg er elektronisk styrt sikrar dette at varmebelte og varmekabel ikkje brukar straum unødvendig.

ENERGI LINKAR


VARMEPUMPE FAKTA

  • Aukar energi 3 til 5 gongar
  • Gjev stabil og god varme
  • Reduserer varmekostnadar
  • Reduserer klimautslepp

TA KONTAKT MED

Brekke Energi og Kraft
Tverrgata 4
6770 NORDFJORDEID

Telefon: 57 86 11 99
Mobil tlf: 47 41 77 45
E-Post: beok@online.no

BESTILL BEFARING

BESTILL SERVICE

ENERGIBEREKNING

logo

© 2006 Brekke Energi og Kraft

novap

Panasonic