Luft til luft varmepumpe
Brekke Energi og Kraft er hovedforhandlar av Panasonic luft til luft varmepumper i Nordfjord forEcoConsult AS.
Alle luft til luft varmepumper frå Brekke Energi og Kraft er selektivt isolert i utedel på alle rør og delar
som er varme i oppvarmingsmodus, dette vil redusere det gjennomsnittlege straumforbruket med 10%. Skal varmepumpa hovudsakleg brukast til kjøling så
er det beste ei uisolert maskin. Dei isolerte varmepumpene frå Brekke Energi og Kraft har uslåeleg driftsøkonomi. Luftgjennomgang i sjølve radiator
på utedel er i tillegg forbetra. Forbetringa av varmepumpa si yting i varmemodus er eit unikt produkt frå Brekke Energi og Kraft, varmepumpene vil
til samanlikning med standard pumpe og montering bruke 25% mindre energi for å halde same temperatur midt i rom. Det blir levert gode og robuste
varmepumper frå Panasonic.
Panasonic, Daikin, Mitsubishi, Toshiba, Sanyo, Sharp/IVT eller Fujitsu?
Kvifor luft til luft?
Ei luft til luft varmepumpe vil, når den er gunstig plassert, være inntent
iløpet av få år, investeringane er vanlegvis lave i forhold til utbyte. Inngrepa er små og dei estetiske følgjene vil også kunne være minimale om
alternative løysingar er godt vurderte. Ein god indikator på varmepumpa sin driftsøkonomi er innstillt temperatur i forhald til verkeleg temperatur i
rommet - dess lavare innstillt dess gunstigare - når romtemperatur er 21 grader og innstillt er 20 er driftsøkonomi god - når romtemperatur er 21
grader og innstillt er 23 så er driftsøkonomi dårleg. Vert det registrert at effekt er redusert etter fleire års drift, viftehastigheit aukar og
temperatur må aukast for å levere same romtemperatur, då er tida komen for reingjering og rens av radiatorar i inne- / utedel, bestill service eller
ring oss for å få utført rens og kontroll.
Brukartips - luft til luft varmepumpe
Forskjellige modellar for ulike behov
Det er grunnleggande å fokusere på huset sitt kjerneområde - der ein skal ha det varmast. I boligar der varmen skal være i fleire område/etasjar,
kan varmepumper med fleire innedelar være eit godt alternativ.
- FØLGJANDE MODELLAR ER LAGERFØRDE; *
* Enkel varmemaskin -CE9J/LKE - Garantert drift til -20 grader
* Varmemaskin og luftrensing -NE9J/LKE - Garantert drift til -20 grader
* Toppmodell -HE9J/LKE - Garantert drift til -20 grader
* Multimaskiner -2E15GBE, 3E18EBE - Garantert drift til -20 grader
- AIRCONDITION OG KJØLING AV DATAROM
Det er viktig å forsikre seg om at montør brukar elektronisk vakuummeter. Utan eit skikkeleg vakuummeter har montøren ingen
kontroll på vakuumprosessen og varmepumpeanlegget si levetid kan være kraftig forkorta.
" Ing. Harald Guldbransen, ARCPRO "
Kva skal vektleggast før installasjon?
Estetikk ute og inne er viktig, hugs gode naboar.
- Fokuser på kjerneområde
- Plassering av innedel
- Trekkfølelse frå innedel
- Støy frå både inne og utedel, lyd frå luft i bevegelse
- Store luftmengder, frå 300 til 2000 kubikk i timen


